Ny møteplass skal styrka realfaga
Universitetet i Stavanger, dei vidaregåande skulane og næringslivet i Rogaland går saman om å styrka realfag og teknologi. I dag blei den første møteplassen for kompetanseutvikling opna. Heile 65 deltakarar frå industrien, universitetet og vidaregåande skule møttes på UiS i ettermiddag. Ideen bak møteplassen er å lære meir om kvarandre for å styrke samarbeid og kompetanse. Lærarar i skulen kan ha godt av å vite meir om kva som ventar elevane i realfag når dei blir studentar.
Les hele saken her |